Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Folketonar frå Todalen på Åsen

Folketonar frå Todalen på Åsen

Elinor Bolme Torsdag 18. november 2010

Nordmøre Museum med Surnadal Bydgdemuseum i spissen arrangerer tysdag 23. november kl. 19.00 konsert med  folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg på Åsen.
På programmet for denne solokonserten er folketonar frå Nordmøre, og spelemenn og tonar frå Todalen er også representert
Nokon vil kanskje hugse henne frå sist Vårsøghelg der ho spela med Unni Boksasp ensemble.


Mannskapet på Åsen ønsker velkommen til ei spesiell konsertoppleving i stemningsfulle omgivelsar i fjøset ! Og For at ingen skal fryse stiller de med varmande drikke, og minner om at det kan vere lurt å kle seg godt.

Her er ein liten smakebit, ein gamal songleik frå Todalen, etter John Røen.

Under er heile pressemeldinga i forbindelse med Kvernberg sin soloturné.

Tirsdag 23. november legg folkemusikar Jorun Marie Kvernberg (31) ut på sin aller første soloturné! Musikaren som opprinneleg er frå Fræna, er likevel ikkje nokon nykomar. Sidan endt utdanning på Norges Musikkhøgskule i 2004 har Kvernberg jobba som frilans folkemusikar på heiltid, mellom anna med gruppene Majorstuen (Spellemannpris 2003), Tindra og Unni Boksasp Ensemble. Etter åtte år i Oslo flytta Kvernberg tilbake til heimfylket i 2007, og med Volda som base har ho verda som arbeidsplass.

For soloturnéen er det folkemusikken frå Møre og Romsdal som står i høgsetet, og det er også heimfylket som skal få besøk av den allsidige folkemusikaren. Gjennom seks konsertar på Nordmøre og i Romsdal vil Kvernberg servere mellom anna skarpskorne polsdansar og vemodige valsar, sindige bruremarsjar og viltre hallingar. Musikken ber med seg historier om ein pengeforfalskar som må bøte med livet, om ei kyrkje full av mystikk, om ei fele som tryllar fram ungdomsminner og om slåtten som flaut i land etter Tafjordulukka.

Jorun Marie Kvernberg har kandidatstudiet i utøving på fele og hardingfele frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. Dei seinare åra har ho også tatt songen i bruk, og ho beherskar den sjeldne teknikken å akkompagnere sin eigen song med felene.

Kvernberg har medverka på 14 CD-produksjonar og gav i tillegg ut sin eigen solo-CD i 2006, «Album». Kvernberg vart tildelt Statens Kunstnarstipend for yngre folkekunstnarar i 2009-2010. I stipendperioden har ho satsa på å utvikle seg som solist, mellom anna ved å utvikle ein solokonsert. «Det er noko magisk ved å stå heilt åleine på scena» seier Kvernberg. «Den nære kontakta ein får til publikum er spesiell. Ikkje minst gjennom at musikken eg brukar er lokal, det er deira eigen musikk eg står der og spelar og syng! Folk blir ofte overraska over kva skattar dei har i nærmiljøet».

Forestillinga har blitt til med hjelp frå Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund.

«Kvernberg visade prov på en scennärvaro som var något extra, det lyste och glödde om henne oberoende av om hon sjöng eller spelande. Och emellanåt gjorde hon alltså både och på samma gång» – Siv Ekström, Åland avis.

Turnéen er støtta av Møremusikarordninga / Møre og Romsdal Fylkeskommune

Først publisert: 18. november 2010, 15:00 - Sist oppdatert: 17. november 2010, 20:52