Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Folketog og festdag

Folketog og festdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. mai 2011

Feiringa fortsette vidare utover dagen, med folketog, gudsteneste og sammenkost i Todalen oppvekstsenter. Folketoget starta frå oppvestsentret og gikk nedover til kyrkja. Der var det gudsteneste med sogneprest Bernt Venås og Lars Sæther la ned blomster frå Surnadal kommune på bautaen for krigsminne. Vidare var det folketog oppover til oppvekstsentret igjen, der feiringa fortsette med tale for dagen og servering av sodd.

Todalskorpset sørga for musikk på turen frå kyrkja og oppover til oppvekstsentret. Kristine Saksen Ulvund hadde teke initiativ til å samle korpsveteranar til musikkdugnad til dagens feiring, og det låt jammen bra. Honnør både til Kristine og resten av korpset for god innsats. Det låt så bra at kristine mistenkte enkelte av medlemene for at det hadde tjuvøvd heime!

I oppvekstsentret var det servering av sodd til alle, og elles var det tale for dagen ved Lise Bjerknesli. Ho sa i sin tale at det er framleis viktig at vi har 17. mai og at vi ikkje gløymer at vi lever i eit fritt og demokratisk land. Vi treng også 17. mai for å stå saman for å vise at vi bor i eit livskraftig samfunn. Vidare var det som seg hør og bør på ein slik dag både leikar for borna og massevis med is og brus.

Sjå bildegalleriet fra folketoget og folkefesta i oppvekstsentret nedafor.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2011, 19:30