Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fokus på integrering.

Fokus på integrering.

Elinor Bolme Fredag 15. oktober 2010

Ikkje så alt for mange av dei innflytta innvandrarane i Todalen tok turen til Sanitetshuset då Folkeakademiet i Surnadal inviterte dei til «Frå innvandrar til medborgar» tirsdag kveld. Men dei som kom vart godt mottekne av delegasjonen frå Skei. Leiaren i Folkeakademiet, Else Brandvoll Andresen informerte om kva laget sysslar med, og hvilke framtidsplaner dei har.

Folkeakademiet samarbeider ofte  med andre lag og organisasjonar ved ulike samanhengar. Sist hadde dei samarbeidd blandt anna med Pensjonistforeininga i Surnadal om eit arrangement på Kulturhuset, kunne Brandvoll Andresen fortelje. Det var av di dei ville komme til Todalen også, for å prøve å få integrert innvandrarane i bygda. Denne gongen var det altså Todalen Sanitetsforening som bisto.

Dei inviterte fekk ein triveleg kveld med høve til å bli kjent med både bygdafolk i Todalen, innvandrarar i Surnadal og styret i Folkeakademiet i ei uformell setting.

Publisert: 15. oktober 2010, 08:27