Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Foballane rullar for fullt!

Foballane rullar for fullt!

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2012

Også i aldersbestemte klassar har fotballsesongen med seriespel starta. I går kveld hadde både G12 og J12 kamp på Søyabanen. J12 Søya/Todalen møtet Kvass/Ulvungen på gras, medan G12 Søya/ møtte Straumsnes på kunstgras. Jentene vann heile 8-1, medan gutane også berga sigeren med 13-5 slik ca. Samtidig hadde G10 og J10 trening på grasbanen. Med andre ord full rulle for dei fleste som driv med fotball no utover. For å halda styr på alle desse laga, treningane og kampane, har Søya IL sin banekalender vorte eit kjærkomment verktøy for å handtere dette. Her finn ein oversikt over alt som foregår på Todalen og Søya sine samarbeidslag frå knøtt til seniorfotball, fordelt på dei ulike stadionane. Den finn du naturleg vis også her på todalen.no oppe til høgre.

Under er nokre bilder frå ein halvannen time med fotball. Alle foto: ElinorB

Publisert: 3. mai 2012, 19:06