Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

FM 98,5 – har skurra i heile januar

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. februar 2014

FM-sendaren på Hjellnes (offisielt namn Todalen 2) har skurra litt i heile januar, utan at noko er gjort for å betre tilhøva. Jon Bruset fortel at han har varsla Nordkring 2 gonger via e-post, og har ikkje ein gong fått svar frå dei. Det kan vel tyde på at FM-sendarane ikkje lenger har høgste prioritet hos Nordkring, som driftar radio- og TV-sendarane over heile landet. Todalen har forlengst fått DAB-sendar på Hjellnes, og mange har nok ordna seg med DAB-radio, men det er framleis mange FM-radioar i bruk i bygda.

Todalen 2 ved Hjellnes. Herifrå sendes radio og TV-signala til Todalen.  Foto: Jon Olav Ørsal

Todalen 2 ved Hjellnes. Herifrå sendes radio og TV-signala til Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Sendingane på FM98,5 (P1) har støy på både tale og musikk som senders gjennom radioen, og det høres ut som radioen ikkje står heilt på stasjonen.  Det er veldig irriterande å få slik støy, så vi håpar at Nordkring ordnar dette snarast. FM-nettet skal etter kvart ut av drift, men det er først i 2017, så det er nok litt i tidlegaste laget å stanse vedlikahaldet av sendarane no. Folk må få litt tid til å ordne seg med nye radioar for å tilpasse seg dei nye DAB-signala. P2-sendaren som sender på FM93,2 er imidlertid krystallklar i sendinga.

I går var det ein servicemann i jobb på sendeanlegget på Hjellnes. Han var der i anna ærend, og hadde ikkje kompetanse på FM-anlegget. Han var engelsktalande, og det var litt vanskeleg å kommunisere med han på «Halla-engelsk», men han forstod problemet og tok umiddelbart kontakt med Nordkring på telefon. Forstod at dei lova at dette skulle bli ordna med det aller første.

Sog sagt er det Nordkring som har ansvaret for drifta av sendeanlegget, og meir info om dette selskapet finn du på nettsida deira, og feilmelding kan gis både på telefon 164 og e-post:fmkk@telenor.com. Nordkring kan også nås på telefon 22773000.

Publisert: 1. februar 2014, 10:49