Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flying start på laksefisket i Toåa..

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2016

Allereie første timen kom det fleire laks på land under fiskestarten i Toåa i natt.  Det var veldig godt fiske dei første timane og i løpet av natta kom det iallfal 8 laks som vi har fått rapportert – og dei aller fleste er tekne i den øvre delen av elva.

Dette lover veldig bra for sesongen, seier Eric Malling, som er vert på Todalshytta og som var klar med kamera på morgonkvisten i dag da Johan Nygård frå Vågland kom med sine to laksar som er dagskvoten i Toåa. Malling tykkjer det er stas når gjestane på Todalshytta får napp og sørger sjølvsagt for at laksane får trygg forvaring i frysaren på Todalshytta.

Dei siste timane går sakte når ein ventar på laksestarten. Frå venstre Ivar Borthen, Anders Jonasson, Johan Nygård og Bjørn Anthony -  attafor står verten på Todalshytta Eric Malling.  Foto: Jon Olav Ørsal

Dei venta ikkje forgjeves på laksestarten sist natt. Tilsaman vart det landa 8 laks alt første natta i Toåa. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var ingen storlaks mellom dei 8, men alle var i størrelsen 3-5 kg og fine laksar i god kondisjon.  Det er rundt 10 m3/sek ved storfossen i skrivande stuand. Vassføringa er på veg ned utover føremiddagen, men kjem nok til å stige oppover mot 12 m3/sek igjen utover ettermiddagen og kvelden.

Det er komande veke meldt stabilt og fint vêr, men det er utrygt for nokre regnbyger laurdag kveld og natt til søndag ifølge langtidsvarselet på yr.no. Over helga meldes det om dagtemperaturar som viser meir enn 20-talet.  Det begynner imidlertid å bli tørt i terrenget, så både laksefikarar og andre blir oppfordra til å være forsiktige med open eld.

 

Publisert: 15. juni 2016, 12:36