Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott tur over fjellet frå Ålvundeid til Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 2. september 2018

Du kunne faktisk ikkje fått betre turvêr enn deltakarane på Trollheimsmarsjen fikk På turen frå Leikvoll på Ålvundeid overfjellet til Todalen og målgang på Bordholmen. I år som i fjor gikk turen frå Ålvundeid og over Todalen og ikkje frå Todalen til Ålvundeid, og det har faktisk gjeve betre deltaking i marsjen. I År var det 68 deltakarar medan det i fjor var 75. Det ser ut til at logistikken fungerer betre på denne måten, seier leiar for TILs trimgruppe Jorunn Nordvik, som var overraska over at halvparten av deltakarane i år var med for første gong. 

Rast ved Vardan – like før at turens høgaste punkt er nådd. Foto Magne Søyset

Men alle som hadde gått turen var godt nøgde med både vêr og føre, og alle ga uttrykk for at dei hadde hatt ein fin tur over fjellet.  Gradestokken imponerte også, og det var reine sommartemperaturen heilt til topp – ved Vardan – som ligg på 850 m.o.h.  mange nytta da også tida godt på turen over og kosa seg med medbrakt niste og bilda frå solveggen på Ørsalsetra taler sitt eige språk. Det er Todalen I.L. og I.L. Ulvungen som er arrangør av trollheimsmarsjen, medan Todalsfjordprosjektet er hovudsponsor og bidreg med midlar til busstransport og gavepremiar.

Her har vi bildegalleri  – Magne Søyset står attom alle bilda frå fjellet – medan underteikna har bilder frå Bordholmen.

Publisert: 2. september 2018, 16:31