Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Flott konsert med Tellefsen & Co

Flott konsert med Tellefsen & Co

Jon Olav Ørsal Sundag 16. september 2012

Laurdag ettermiddag var det klart for tjuvstart av KKKK Festivalen 2012 (Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival)  i Stangvik kyrkje. Dei kunne lokke med sjølvaste Arve tellefsen som trekkplaster i tillegg til Møremusikarane, Kristiansund Kammerkor og polske solistar for høvet. Dei framførte Ludwig van Beethovens musikk, med eit par romanser i F- og G-dur, med Arve Tellefsen som solist og messe i C-dur med fire polske solistar.

Sjølv om det ikkje er akkurat den typen musikk som fengjer mest, så var det ei kjempefin oppleving, når ein både kunne sjå og høyre dei flinke musikarane under konserten i Stangvikkyrkja. Dei fylte bokstaveleg kyrkje rommet med lyd og når du kunne oppleve dette «live» ga det eit mektig intrykk på ei enkel musikksjel. Rundt 200 musikkintreserte publikumarar hadde funne vegen til konserten i Stangvikkyrkja denne dagen.

Publisert: 16. september 2012, 12:18