Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott konsert med Jo Sverre på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 17. august 2018

Det er noko spesielt med denne karen, sa Eric Malling da han introduserte Jo Sverre Sande før konserten på Todalshytta.  Malling fikk han seinare med på låtskrivarverkstaden på Todalshytta og Rauskonserten 2017.  No gjer Jo Sverre det god både på nasjonal og lokal radio, og er liksom komen godt i gang. Fredag kveld hadde han altså konsert på Todalshytta og her fekk jammen publikum valuta for pengane.

Jo Sverre Sande fikk god kontakt med publikum, og måtte etter kvart blø med eit ekstranummer. Foto: Jon Olav Ørsal

Heilt i frå starten med låta «Revolusjon» til han runda av konserten med «Der bølgån sle» hadde Jo Sverre god kontakt med publikum som applauderte skikkeleg for songen og musikken til Jo Sverre, som fortalte at han hadde eit godt forhold til Todalen og Todalshytta.  Under vegs var det også duka for urpremiere. Med nyskjrevet tekst og nykomponert melodi urframførte Jo Sverre låta «Luftslott» for eit lydhørt publikum. Denne melodien kjem på Cd’n som kjem til hausten fortalte han.

Resten av programmet under konserten kjente tråvarar, og det er nok låter som lever godt enno og som vi nok får høre både på NRK P1+ og på NRKs  lokalsending utover hausten. Etter konserten ville applausen ingen ende ta, og Jo Sverre kvitterte med eit ekstranummer «Takk for det oss ha fått». 

Det er noko spesielt med den karen, sa Eric Malling da han introduserte Jo Sverre. Foto: Jon Olav Ørsal

Per Hollaas sørga for grilling av pølser til publikum under pausen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 17. august 2018, 22:20