Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Flott dag på heimebane

Flott dag på heimebane

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. februar 2013

Laurdag vart ein fantastisk fin dag, med temperatur rundt null, samtidig som sola kika fram gjennom det lette skydekket. Sjølv om det var stor aktivitet med ski-VM på Tv er det snok mange som har nytta dagen til ymgse uteaktivitetar. I Brusetnesset var det full aktivitet med motorsaga i tunet, det eit stort morelltre og fleire grantre vart lagt til marka.

Det var Kristen og Jon Bruset som hadde hadde funne fram motorsaga og fått på seg full mundur med værneutstyr. Det gamle morelltreet på rundt 90 år måtte til pers, saman med grantrea i tunet. Dei vart nok etter kvart ein trussel for både hus og heim når det stormar som verst, og dermed vart det kort prosess.

Publisert: 23. februar 2013, 21:44