Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott dag for Stavganggruppa i Svinvika

Dordi Jorunn Halle Torsdag 28. april 2016

I fint og godt vårver starta Stavganggruppa sesongen i Svinvika torsdag 28.april. Heile 35 ivrige stavgangarar var møtt fram. «Godt folk har godt ver!» vart det sagt. Det er tydeleg at stavgangarane synest at det er både kjekt og sunt å trimme i lag.

Kristian Ranes er leiar i Surnadal pensjonistlag. Her står han mellom Sigrun Ørsal og Bitten Ranes. Vidar Sogge er "rådgjevar" for den nye turleiaren. Foto Dordi J.H.

Kristian Ranes er fersk turleiar, her står han mellom Sigrun Ørsal og Bitten Ranes. «Rådgjevar» Vidar Sogge i grå jakke. Foto: Dordi J. H.

Deltakarane tok leia i kvar si retning etter velkomsten. Somme gjekk heile Svinvirunden, andre gjekk opp og ned Gammelvegen og andre rusla rundt i hagen og området rundt Svinvika.  Men til slutt samlast alle til felles matpause i arboretet, – kaffe, mat og triveleg prat vart ei fin avslutning på denne trimdagen.

IMG_7666

Fint driv på stavgangarane opp Gammelvegen. Foto: Sigrun Ørsal.

IMG_7672

Mat og god prat i arboretet. Foto: Sigrun Ørsal.

Kristian Ranes er ny leiar i Surnadal pensjonistlag, og han skal no i lag med kona Bitten Ranes ha ansvaret for Stavganggruppa framover. Dei to er glade for gode råd frå Vidar Sogge, Bjørg og Per Bruset som har vore primus motorar for Stavganggruppa dei siste åra. Vidar kunne fortelje at opplegget med stavgang er populært. I 2015 hadde stavganggruppa 21 turar og i gjennomsnitt var det 30,5 personar med på turane. Det er bra – det ligg mykje god folkehelse i dette tiltaket.

IMG_8209

Kjekt å ta ein pause i godveret. Frå Venstre Brit Nordvik, Helene Røv, Ellen Marie Monstad og Bjørg Bruset. Foto: Dordi J.H.

Ved starten i dag vart det nemnt at det var ein vemodig start på sesongen da Martinus Torvik nyleg gjekk bort. Han var i si tid initiativtakar til stavganggruppa i pensjonistlaget og har vore ein trufast deltakar på turane.

Stavganggruppa er ei undergruppe av Surnadal pensjonistlag, og styret i laget består av: Kristian Ranes, Jorunn Ness, Lisbet Ranes, Odd Asbjørn Bævre og Ola Roaldset.

IMG_8205

Jorunn Ness er nestleiar i pensjonistlaget og Kristian Ranes er leiar. Frå venstre:
Jorunn Ness, Bitten Ranes og Kristian Ranes. Foto: Dordi J.H.

Det er niande sesongen med stavgang, og neste tur er torsdag 12. mai, start ved Brøske i Stangvika.

Publisert: 28. april 2016, 17:53