Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fleire billettar til HÆSTlatter

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2014

Det er enno ein månad før revyførestillinga HÆSTlatter går av stabelen, men alt no er det klart at både fredags- og laurdagsførestillinga kjem til å gå for fullt hus i ”Gladlaksen” på Thon Vårsøg hotell. No har Thon Vårsøg hotell rydda meir plass til publikum, og dei legg ut nye 50 billettar på begge kveldane (fredag 30.10 og laurdag 1.11)

HÆSTlatter er nærast ein revydugnad, der Kreativt Forum står som arrangør saman med Thon Vårsøg Hotell, fortel Tove Merete Schei og Tove Sundli som står i spissen for arrangementet. Dei to er for veteranar å rekne i revymiljøet i Surnadal, og blir ivrige når dei fortel om HÆSTlatter som står på plakaten siste helga på oktober. Denne kvelden var dei og fleire til i full gang med øvinga i det gamle Folkets Hus.

– HÆSTlatter skal bli ein årleg tradisjon, og vi er veldig glad for at vi har fått til eit godt samarbeid med hotellet, der vi kan tilby både god mat, god underhaldning og dans og musikk etterpå. Det skal bli triveleg å være med på dette, seier dei to initiativtakarane. – Vi startar med god mat – hotellet serverer buffé, der du får god tid til å kose deg med maten før underhaldninga startar kl 21 – så blir det ein time underhaldning, før kvelden fortsett med musikk frå Karstein Mauseth & Co. Tradisjon skal det også bli med ein kjent gjesteartist kvart år. Årets gjesteartist er Ola ”Håggå” Hagen frå Otta. Han er ein kjent og ettertrakta revyforfattar og -artist i Gudbrandsdalen, og er mellom anna kjent som rollefiguren ”Røisheimgamla”.

Revy_Professor_7846_JO

På HÆSTlatter får vi gjensyn med profesoren, med Torill Talgø og laila Kvendset i rollane. Arkivfoto frå julerevyen: Jon Olav Ørsal

Men det blir mest lokale revyinnslag – gjennom året er det mykje som skjer både på kulturhuset og i grendene rundt omkring i regionen, – vi har korslag, 10.-revy, russerevy, Svarraberget, Rindalsrevyen og aktive revygrupper både i Bøfjorden,  Todalen og i Øverbygda. Mange av desse revyane har mest lokalt publikum, men har mange godbitar som passar alle. Vi har derfor henta inn eit utval av det beste frå dei lokale revyane rundt omkring oss, som vi no kan presentere på HÆSTlatter. Det er naturleg at vi skal  stimulere kulturarbeidet og kulturaktivitetar i regionen, og vil derfor at ein del av overskotet frå arrangementa skal gå til eit veldedig kulturformål i regionen. Kven det blir, er enno ikkje er bestemt, fortel dei to.

 

 

Publisert: 26. september 2014, 20:28