Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flaumstor elv tok to hjortar – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. september 2019

Dei to store bukkane hadde nok prøvd seg på kryssing av Toåa i stryket mellom Storfossen og Kufallfossen.  Det gikk nok ikkje så bra i den strie elva og det bar nok utfor Storfossen og rett i døden. Toåa har og vore flaumstor, og NVEs målestasjon har registrert over 80 m3/sek natt til måndag. 

Det er ein stor bukk som fann sin overmann i Storfossen. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei to hjortane vart så ført med vassmassane i 3-400 meter, mellom Stillhølen og Romåhølen.  Elva er framleis stor, med over 40 m3/sek, slik at det er vanskeleg å kome til for å få dei to hjortane på land. Det vil nok bli lettvintast å ta dei på land på Hala-sida når elva blir mindre.  

Leiar i viltnemnda, Ragnar Halle fortel at det er eit dyretråkk som går over elva ovafor Storfossen og dei to hjortane har nok feilberegna straumtilhøva i elva denne gongen og vorte dregne med utfor fossen. 

Enno ein hjort funne – etter at vi hadde lagt ut artikkelen om dei to bukkane har vi fått melding om at det er funne enno ein bukk – denne gongen i fjæra ved Rossåa. Den har nok lidd same skjebne, trur Ragnar Halle. Bukken som vart funne i fjæra var ein 14-spiring – og eit prakteksemplar av ein hjort. Sjå bildet på framsida.

Den andre bukken er også eit velvakse eksemplar. Foto: Jon Olav ØrsaL

Her ligg dei to hjortane i straumen rett ovafor Stillhølen. Foto: Jon Olav Ørsal

Her vart dei to hjortane liggande i straumen. Foto: Jon Olav Ørdal

Først publisert: 18. september 2019, 18:49 - Sist oppdatert: 19. september 2019, 13:05