Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Flagget til topps og blautkake til alle

Flagget til topps og blautkake til alle

Jon Olav Ørsal Måndag 29. oktober 2012

100-årsfeiring er ikkje kvardagskost i Todalen, men måndag var dagen komen for L.Hals Eftf  som starta verksemda på Todalsøra den 29. oktober 1912. Dagen var behørig feira med kaffe og blautkake til alle kundane som var innom butikken. Det skal dei fortsette med heile veka til endes, fortel innehvavar Terje Nordvik. I løpet av måndagen vart det servert kaffe og blautkake til eit par hundre kundar som var innom butikken. Jubileet vart også markert med mange gode jubileumstilbod, mellom anna er det rabatt på bensin og vanleg diesel denne veka da pumpeprisen er sett ned med 1 kr literen.

Mange var også innom for å gratulere med dagen, og samlinga med blomsteroppsatsar i «Kaffekroken» fylte etter kvart borda. Det var helsingar både frå kommunen, bedrifter, naboar, lag og foreningar, fortel Terje Nordvik som har hatt ein travel dag med servering av kaffe og blautkake til alle gjestane. Her kan du lese kva Driva skriv om om 100-årsfeiringa på sine nettsider.

Nedafor finn du nokre bilder fra 100-årsfeiringa på L. Hals Eftf.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. oktober 2012, 20:22