Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjøsbygging – måtte enten satse – eller slutte!

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. mai 2018

For Olaug Kvendset stod valet mellom å satse vidare eller å gi seg med mjølkeproduksjonen. Valet vart det siste, og heilt sia i fjorhaust har gardstunet på Utigard Kvendset vore prega av byggeverksemd. Frå påske har det vore full trøkk på fjøsbygginga, og mesta før telen var borte starta Hallvard jr, Aasmund og Asgeir med grunnarbeidet og riving av dei gamle tårnsiloane, fortel Olaug. Med dette arbeidet hadde dei god hjelp av Per Gjeldnes Maskin. – For å få plass til bygge saman det nye mjølkfjøset med det gamle fjøset, måtte også Lundebekken flyttast og leggast i rør.

For eit par veker sia starta bygginga av nyfjøset. Det blir eit tilbygg til gammelfjøset frå 1986, og blir eit moderne mjølkefjøs på 640 m2 og som har plass til  61 liggeplassar for mjølkekyr, sinkyr og ungdyr. – Det blir auke på rundt ein tredel av mjølkeproduksjonen som er i dag. I det nye mjølkefjøset kjem det sjølvsagt ein mjølkerobot på plass, og elles moderne utstyr for mjølkeproduksjon etter dagen krav.

Mobilkrana frå firma Åsmund Vangstad As er synleg frå heile bygda – her blir betongelement heisa på plass til golv i nyfjøset. Foto: Jon Olav Ørsal

Når vi kommenterer at dette må være frisk satsing i ei uforutsigbar tid, så seier Olaug at det var både naturleg og naudsynt dersom vi skal fortsette. – Vi har hatt ein diskusjon internt, og Hallvard jr har bestemt seg for å ta over garden når den tid kjem. Difor tykkjer eg og Asgeir at det er greitt å satse, seier Olaug

Byggemåten som er valt er heiltre over mur, og det er byggefirmaet Åsmund Vangstad AS frå Verdal som i disse dagar er i gang med betongarbeidet. Same firma gjorde også betongarbeidet på gamalfjøset i 1986, og skal no også levere prefabrikkerte betongelement og dragarar. Sjølve fjøsbygget som er i massivtre er det Woodcom frå Brumunddal som leverer. Vidare er det firmaet Fjøssystemer som skal levere mjølkerobot og andre løysingar i nyfjøset.

I det nye fjøset er det lagt stor vekt på miljøet gjennom bruk av tre, og naturleg ventilasjon skal gje eit godt miljø for dyra. På seinsommaren ein gong skal det nye fjøset væra klart til å takast i bruk, dersom alt går etter plana. – Per i dag er vi iallfall i rute, seier Olaug, som skryter uhemma av både eigne og innleidde handverkarar.

 

Tunge betongdragarar blir heisa på plass – disse er prefabrikkert hos Vangstad. Foto: Jon Olav Ørsal

Vibo i Surnadal sørger for sement til betongarbeidet etter kvart som det bygges. Foto: Jon Olav Ørsal

Eit lite bildegalleri frå aktivitetane den siste veka.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. mai 2018, 12:00