Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fiskball til eit 70-tals sambygdinger

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2019

Nordvik Grendalag inviterte sine sambygdinger på fiskballmiddag sist søndag, og det vart fullklaff med eit 70-tal til bords i Forsamlingshuset på Nordvik denne dagen.  Serveringa starta kl. 15, og alt etter eit kvarters tid var det få plassar ledig rundt borda, der det til og med var dekt på langbord på scena.  

På kjøkkenet – frå venstre Ivar Vikan, Karin Åsbø, Kenneth Sæterbø, Palmer Vikan, Marit Gjeldnes og Lisabet Svinvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var til tider fullt rundt borda, og vi tykkjer det er spesielt artig at det var så mange unge nordvikgardingar som møtte opp, og jammen såg det ut som fiskballen gikk ned på høgkant også hos den yngre garde. Ved eit av borda var det sågar 3 generasjonar som var samla om fiskballmenyen. 

Vi kan vel konkludere med at dette er eit populært tiltak, for praten gikk lett rundt borda og det så ut som folk trivdes i kvarandre sitt selskap. Dei fleste middagsgjestane høyrde nok heime på Nordvik, men det var også gjester både frå Todalen og frå Surnadal – kanskje også andre plassar rundt borda.

Hektisk for Palmer Vikan som var servitør og ryddehjelp. Foto: Jon Olav Ørsal

Totalt var det eit 70-tals gjestar som var innom Forsaamlingshuset og fikk trektering. Foto: Jon Olav Ørsal

På menyen stod det fiskball – servert med kokte poteter, kokt gulrot og stekt bacon. Foto: Jon Olav Ørsal

3 generasjonar på fiskball i forsamlingshuset. Frå venstre besteforeldre Trond og Hege og lengst til høgre oldeforeldra Ingrid og Ola – og i midt Sigrid Sæterbø som hadde «medbrakt» på flaske. Foto: Jon Olav Ørsal 

 

Først publisert: 10. november 2019, 18:12 - Sist oppdatert: 11. november 2019, 14:13