Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Finvêrstur til Solåsen

Finvêrstur til Solåsen

Vidar Sogge Fredag 23. august 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 22. august ved bomstasjonen for Vestre Nordmarksvegen og køyrde samla til Solåsvatnet. Frå parkeringsplassen nede ved vatnet følgjer vi den blåmerka stien som fører til Vaulen. Etter eit kvarters gange kjem vi til Gardsbekken, som buktar seg nedover og har grave seg djupare og djupare ned til han endar i eit trongt jel. Dårdi Sylte sto i spissen for å få bygd ei bru over Gardsbekken i 1993, slik at vi i dag utan vanskar kan koma oss over på andre sida.

 Etter ein fin trimtur får vi til høgre for stien sjå ei klynge med store grantre, og her ligg Solåssetra. Det er ei fin, nyrestaurert og velhalden hytte med fin utsikt over Solåsvatnet og til fjelltoppane i Trollheimen, og med ein sjarmerande og original utgard av hesjestaur.Takk til Dårdi Sylte for framifrå guiding, Erik Øien som ordna med båttransport og Svein Sylte som stilte hytta til disposisjon. Til saman gav dette oss ein minnerik, flott dag!

 Tur til Gjevilvassdalen: Laurdag den 31. august arrangerer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tur til Gjevilvasshytta. Middag på Gjevilvasshytta med retur over Nerskogen. Kaffepause under vegs. Stavganggruppa stiller med brød til kaffien, medan kvar enkelt tek med drikke. Pris for heile turen 350 kr. Grunna ruteendring på «Todalsferga» må bussavgangen frå Skei endrast til klokka 09.00. Enda nokre ledige plassar. Ring 71 66 35 98 eller 917 78 285 for påmelding.

Bildegalleri frå turen til Solåsen.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 23. august 2013, 13:38