Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Finn fram lopper til loppemarknaden!

Finn fram lopper til loppemarknaden!

Borghild Betten Talgø Sundag 24. juni 2012
Vi i loppekomiteen vil først få takke for alle lopper vi har fått tidlegare år. No er vi i gang igjen med førebuing til loppemarknaden under Todalsdagen 2012 som blir arrangert laurdag 30. juni. Og da treng vi nye lopper. V er interessert i det meste; bøker, barnebøker, blader, leiker, småtre, koppar og kar og ting og tang. Loppene må væra heile og i orden. ta kontakt med Borghild på telefon 908 41 614 når som helst, og vvi kan ordne avtale  om levering og eventuelt hjelp  til henting.

Elles er vi på Bordholmen og redskapshuset torsdag 28. og fredag 29. juni frå kl 18.00 – 20.00. Så da er det berre å sett igang å rudde kjellar og loft og finne fram ting som du ikkje treng lenger eller ikkje har plass til!

Først publisert: 24. juni 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 26. juni 2012, 18:34