Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fine forhold på Bordholmen

Fine forhold på Bordholmen

Elinor Bolme Måndag 14. januar 2013

Skøyteisne på Bordholmen er flittig bruka på helg. Den er i topp stand etter den lengre kuldeperioden vi er inne i, og idrettslaget har no kjøpt inn litt meir køller og puckar. Ikkje så alt for mange var der i går søndag, men ein real ishockeykamp vart det fordi.

På kveldstid er det muligheiter for å sette på flomlyset om nokon ønsker å benytte seg av anlegget.  Snart er det vel kanskje nokon som dristar seg ut på sjøisen også, han ser i alle fall veldig fin ut frå avstand…

Nokre bilder frå søndag 13. januar 2012, i minus 10 grader:

Marit Ingeborg Ansnes og Emma Sæther i duell.

Sindre Bruset passar målet.

Trym Schei Kvendset er ein habil skøyteløpar

Kaffe og kakao høyrer med mellom slaga.

Publisert: 14. januar 2013, 18:59