Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fine  forhold  i  trimløypene

Fine forhold i trimløypene

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. desember 2010

Etter det siste snøfallet er det fint føre for å starte skisesongen for den som vil ha litt førjulstrim. Arnt Ivar Brøndbo er ein av mannskapet som i vinter skal sørge for å halde idrettslagets trimløyper opne og i god stand.  Han fortel at det er fine forhold i lysløypa no, og at det elles er kjørt opp løype frå butikken og opp til Lauvåsveien. I løpet av helga vil det også bli køyrt opp løyper på Tjønnmyra, og frå Innerdalsmerket til Tristeinan. Så da er det berre å finne fram skiutstyret og «Blåswixen» så er du igang!

Seinare i vinter vil det også bli kjørt ei løype frå Ungdomshuset, via Skihytta og Midtryggan til Innerdalsmerket i regi av Todalen Idrettslag.

Først publisert: 22. desember 2010, 18:00 - Sist oppdatert: 30. desember 2010, 11:21