Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin tur i snøfokk!

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. februar 2019

«Godt folk har godt ver!» heiter det, men det stemmer slett ikkje alltid, for under Kløverturen måndag 11. februar var det ikkje godver, men både kraftige snøelingar og vind. Men forresten så var det da riktig godt å vere ute i det friske veret!

Godt med trim og tur i all slags ver! Frå venstre: Dordi Jorunn, Kari, Karen Johanne, Helen, Arndis, Åse Johanne, Helga. Foto: Jorunn H.

Skogsvegen oppover Øyalia var ganske nybrøytt, så det var lett å gå. Men underlaget viste seg å vera uberekneleg, nysnøen var uventa glatt så det vart både knall og fall undervegs. Heldigvis gjekk det bra, ingen beinbrott! Så når enden er god, er allting godt!

Kjekt å få servering! Terje N spanderer sjokolade. Foto: Dordi J H

Turen vart avslutta i Kaffekroken på bua, og kjøpmann Terje N spanderte konfekt til kaffien. Det vart triveleg avslutning på ein fin turdag.

Vi satsar på ny Kløvertur neste måndag, men vi må sjå korleis ver og føre er, før turmålet blir bestemt.

Friskt ver! Frå venstre: Helen, Karen J, Arndis, Jorunn, Kari, Helga, Åse J. Foto: Dordi J H.

 

Publisert: 11. februar 2019, 15:36