Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin og triveleg kveld i arboretet

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. juli 2015

I juli er det langope fram til klokka åtte i arboretet på onsdag. Heldigvis vart det godver første kvelden, og det var godt å sitje ute og nyte gode kaker og god drikke! Litt sol, fargerike og fine blomstrar og god duft, ein nydeleg kveld! Kveldens vertskap var Ida Andrine  og Toril. Dei serverte svele med vaniljeis og rabarbrakake. Det smaka kjøle godt!

Det er andre året Ida Andrine Heggset arbeider i arboretet, ho er kaffevert og omvisar i lag med Toril Nygård frå Meldal. «Vi har verdas finste arbeidsplass,» slo dei to blide jentene fast.

Folk kosa seg i finveret med gode kaker og triveleg prat. Foto: D.J.H.

Det vart seks Quiz-lag. Foto: D.J.H.

Nytt av året er Quiz med spørsmål frå fjern og nær. Ida Andrine var stødig og dyktig Quiz-mester, og ho var godt fornøgd med at det vart heile seks lag. Det  var 2 x 15 spørsmål i ulike kategoriar som til dømes: «Svinvik arboret», «Er du smartare enn ein femteklassing», «Underhaldning», «Lokalkunnskap» og «Hummar og kanari».  Vinnar av kveldens Quiz vart  «Mongsdalen vel», – dei var heldige og fekk forsterkningar frå Nordvik i andre runde. Neste Quiz-kveld blir 22.juli. Ved sida av Quiz og kaffe er det fint både ta ein runde i hagen eller gå Svinvikrunden!

Vinnarlaget «Mongsdalen vel» med forsterkningar frå Nordvik: Elen, Anna Ingeborg, Berit, Dordi Jorunn, Torgunn og Torunn. Foto: D.J.H.

 

 

Publisert: 1. juli 2015, 22:35