Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin og triveleg jubileumsfest for 50-årskonfirmantane

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. oktober 2020

Laurdag kveld var det fest for å feire dei som vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1970. Festa var i Todalen ungdomshus og  7 av dei 10 som vart konfirmert, av dåverande sokneprest Karl Kristian Jacobsen våren 1970, hadde teke turen for å vere med på jubileumsfeiringa. Sjølv om dei gjeldande smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen inneber strenge restriksjonar, greidde Todalen sokneråd å lage ei fin og triveleg jubileumsfest for 50-årskonfirmantane og dei andre frammøtte òg i år. 

Leiar i soknerådet Kristian H. Gjeldnes ønskjer velkommen. Foto: B G Ansnes

Totalt 22 gjestar hadde teke turen til ungdomshuset for å vere med på feiringa av årets 50-årskonfirmantar. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, ønskte velkommen og leia oss gjennom festkvelden. 

Første post på programmet var festmiddag. Her vart det servert røkt svinekam med grønnsaker, poteter og saus. Etterpå viste Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe fram bilete frå ca. 1955 og fram til 1970, altså perioden frå då årets konfirmantjubilantar vart fødde og fram til dei vart konfirmert, våren 1970. 

Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe viste fram bilete frå perioden 1955 – 70. Foto: B G Ansnes

Etterpå var det quiz der det vart delt opp i tre lag. Resultatet frå quizen vart at alle tre laga fekk 13 poeng og dermed vart ALLE vinnarar. 

Til slutt vart det kaffe, twist og marsipankake. Under kaffen var det loddsal til inntekt for soknerådet sitt arbied. 

Årets 50-årskonfirmantar framom konfirmasjonsbiletet frå 1970. F.v. Elin Ottem, Jan Arne Vassvik, Anne Kristine Bævre, Ragnhild A. Moe, Birger Magne Todalshaug, Helga Nordvik og Ingri Bruset. Gerd Elin Monsøy, Nils Ingebrikt Øyen og Lisbet Skålvik var ikkje til stades. Foto: B G Ansnes

I morgon er det gudsteneste med hausttakkefest klokka 11 i Todalen kyrkje. 

 

Først publisert: 10. oktober 2020, 21:23 - Sist oppdatert: 11. oktober 2020, 12:50