Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fin markering av «Verdas aktivitsdag 2012»

Fin markering av «Verdas aktivitsdag 2012»

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mai 2012

Det vart ei fin markering av Verdas aktivitetsdag 2012 i Svinvika, med vêrgudane i godlage og rundt 60 vandrelysne som var møtt fram. Arrangementet var eit samarbeid mellom Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag, Surnadal demensforening og helselag og Norsk Vandrefestival, og det var sett opp 3 alternative turalternativ som ein kunne velgje mellom. Etterpå var det servering av kaffe og bakels under open himmel i Svinviks arboret, og der var det også underhaldningsinnslag med Monna Tandberg. Ho framførte «Det vakreste som er skrive om kjærleiken» til eit lydhørt publikum.

Les meir om Verdas aktivitetsdag i Trollheimsportens reportasje frå arrangementet og sjå bileta i galleriet nedanfor.
Alle foto i bildegalleriet: Vidar Sogge.

Publisert: 11. mai 2012, 21:23