Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fin konfirmasjonsgudsteneste

Fin konfirmasjonsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mai 2011

Det var nærare 120 tilhøyrarar tilstades i Todalen kyrkje da Inga Husby, Kristine Svinvik og Brage Hauglann Talgø vart konfirmert søndag 15. mai. Sokneprest Bernt Venås heldt ei fin preike til konfirmantane, med framtid og von som hovudtema. Han sa mellom anna at det er mykje å gle seg til når ein blir vaksen, men at det er viktig at ein styrer livet sjølv.

Når ein blir konfirmert stig ein inn i dei vaksnes rekkjer, derfor må ein da ta eit større ansvar og må lære seg å setje grenser sjølv. Konfirmantførebuinga er på mange måtar ei førebuing på det å styre livet sjølv, og finne det gode liv.

Vi i Todalen.no gratulerer og ønskjer lukke til med framtida!

Etter gudstenesta var det sjølvsagt fotografering både ute og inne, og nedafor finn du eit lite bildegalleri frå konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje. Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. mai 2011, 14:50