Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin Kløvertur til Kårvatn

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. september 2017

Første måndagen i september vart nok ein finversdag med godt og lagleg turver; passeleg med sol og varme. Bortimot 20 personar var med på dagens Kløvertur til Kårvatn. Kjekt at også nye turgåarar blir med ut på tur.

Triveleg å gå tur i lag. Spreke damer i front! Frå venstre: Ingrid, Kitty og Anne. Foto: Dordi J H

Rast på Myrvang. Rullator er kjekt; stødig transportmiddel med korg til å frakte matpakke og termos, og kan til og med brukast som stol. Ingrid, Kitty og Anne tek ein velfortent kvil. Foto: Dordi J H

Turen gjekk frå parkeringsplassen på Kårvatn og innover den idylliske vegen langs Toåa til Myrvang. Her vart det pause, og somme slo seg til her og heldt kaffelag med god prat. Etter kvart gjekk resten av turfølgjet oppover mot Nauståfossen, lite vatn i elva no så det gova ikkje frå fossen. Deretter rusla vi gjennom hyttefeltet og utover til Kårvatn der heile gjengen til slutt vart samla. Her vart det kafferast, og mange tok turen opp på Låvebutikken. Det var slett ikkje alle som hadde vore der før.

Lite vatn i Nauståfossen i dag. Frå venstre: Dordi Jorunn, Åse, Sigrun, Gerd, Helen, Arndis, Ingrid R, Ingunn, Åse Johanne, Eli, Dordi, Berit, Åshild. Foto: Karl Johan.

Nok ein triveleg Kløvertur. Trur vi kan seie at Kløverturane gir glede og gode opplevingar for dei som er med, både for turdeltakarar og arrangørar. Og alle hjelper til; dugnadsånd og godt samarbeid er bra.

Triveleg kaffepause ved solid langbord på Kårvatn. Foto: Dordi J H

Neste måndag, 11. september, er det plana å ha ein ny KLØVERRUSLETUR. Det blir nede ved småbåthamna, og da blir det servering og tilbod om skyss til dei som treng det.

Fleire bilete frå turen på Kårvatn:

Fint å rusle langs Toåa. Foto: Dordi J H

Bukk over Seklå, her er det til og med handrev.Berit i front, deretter Åse Johanne og Helen. Foto: Dordi J H

Sjåførar og gode hjelparar. Hans til venstre og Karl Johan. Foto: Dordi J H

Kaffepause ved Låvebutikken og Knubbane i bakgrunnen. Foto: Dordi J H

Publisert: 4. september 2017, 21:18