Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin hausttur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. oktober 2018

Siste måndagen i oktober vart ein riktig så fin verdag, om enn litt kald. Fjella er høge og sola står lågt, så det er ikkje så lett å finne turruter med sol. Men dagens tur på nordsida av Toåa på Talgøleigmålet vart kjøle fin om sola ikkje nådde ned til turgåarane. Det var overraskande lunt oppe i skogen.

Eit tynt slør av snø, men ikkje glatt! Foto: Dordi J H

Turen gjekk etter fin skogsveg i kupert terreng slik at det vart litt motbakke – det gjer godt! Triveleg kaffepause på Svabu – fint å finne ein plass å sette seg når nista skal nytast.

Godt med pause! Foto: Dordi J H

Neste måndag er det sesongavslutning for Kløverturane og Rusleturane. Da blir det oppmøte ved Sanitetshuset, og turar i nærmiljøet før det det blir kaffelag innomhus. Håpar dette passar for riktig mange – det har vore så mange fine turar i løpet av året at det er på sin plass med ei god feiring av sesongen.

Alle er velkomne!

Heile turgjengen! Fremst frå venstre: Arndis, Åshild, Åse, Dordi, Jorunn, Helen, Jean. Bak frå venstre: Helga, Berit, Marit, Jorunn, Karen Johanne, Sigrun, Synnøve, Eli. Foto: Dordi J H

 

Først publisert: 29. oktober 2018, 22:03 - Sist oppdatert: 30. oktober 2018, 01:37