Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fin gåve til Todalen I.L.

Fin gåve til Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juni 2012

Laurdag var det høgtideleg overrekking av ei fin gåve til Todalen I.L. Det var Elisabeth Aas og ektemannen Per Hølaas som ville gi eit fint måleri til styret i idrettslaget som kan bruke til lotterigevinst. Styreledar Kari Kvendset og styremedlem Einar Talgø tok imot maleriet på vegne av laget, og rettar ein stor takk til Elisabeth og Per for den fine gåva. Kari seier at styret no skal vurdere når og korleis dei skal lodde ut det fine maleriet som altså skal gå til inntekt for idrettslaget.

Elisabeth og Per er faste gjestar i Todalen i sommarhalvåret. Dei har for lengst teke over familiehytta ”Sissibu”  i Sissigrengda, og der nyter dei sommaren kvart år. Elisabeth fortel at ho har hatt tilhald i Todalen kvar sommar sia 1962, men familien har vore faste gjestar i Todalen før det. I starten hadde dei tilhald i det gamle Kokkhuset ved Vassosen, men i perioden 1963-65 vart Sissibu bygd og dei flytta inn der. Elisabet fortel at ho og mora budde i Todalen heile sommaren, medan faren som dreiv eit agentur var på kundebesøk i midtveka.

Vi vil gi noe tilbake til bygda, seier Elisabeth Aas og Per Hølaas.  Foto: Jon Olav Ørsal

Elisabeth og Per seier at dei på mange måtar føler at dei bruker og nyter av godane i Todalen når dei er her. Dei ser at det er mykje dugnadsarbeid i bygda, og er imponert over det som bygdefolket får til. Difor vil dei no gi litt tilbake i form av eit måleri som kan loddast ut til inntekt for laget. Måleriet har tittelen som Todalen I.L. har fått har tittelen ”Et bankende hjerte”, og har ein verdi på kr 5.000.

Måleriet er det Elisabeth som har laga. Ho driv nemleg som kunstnar, og har eige atelier i dronningens gt 48 i Trondheim. I AAS – Det glade galleri har det allereie vore mange todalingar innom, og det er vel verdt eit besøk. Du finn meir informasjon på heimesida til galleriet.

Publisert: 10. juni 2012, 11:22