Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin felles Halloween markering

Elinor Bolme Torsdag 31. oktober 2019

Over 20 ungar i alle aldrar møttes for felles Halloween markering i gymsalen på Todalen skule i kveldinga. Her var det full aktivitet i en times tid kor både ungane og vaksne var utkledde i ulik grad. Alle hadde med litt godteri kvar, som igjen vart delt på alle. Og det vart meir enn nok til alle. 

FAU (foreldrearbeidsutvalget) ved skulen var initativtakarar, og fleire av foreldra tykte at dette var eit fint arrangement som gjorde Halloweenfeiringa til ein enkel og inkluderande aktivitet for ungane. Dermed vart det nok veldig lite knask eller knep rundt om på dørene ellers i bygda i forbindelse med feiringa.

Ikkje noko party utan dansekonkurranse. Trygve Aleksander og Øyvor kom til finalen. Øyvor dansa seg til seier!

Til slutt vart det blodig alvor under kampen om kanonballen. Her var det naturleg vis alle borna mot dei optimistiske vaksne som var litt i undertal. Etter ein lang omgang kunne gammelfolket juble, og ungane hadde nok helst sett at dei fekk revansje. 

Til arrangementet var det laga ein kjempefin fotovegg, kor vi fikk med nesten alle dei frammøtte til å ta eit bilde. Sjå galleriet under. Alle foto ElinorB

Publisert: 31. oktober 2019, 20:23