Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Filmsuksess!

Filmsuksess!

Elinor Bolme Fredag 1. februar 2013

I går kveld var kvelden då heimesjukepleien tok med sine brukarar på den tidlegare omtala kinokvelden på Surnadal Kulturhus. Og i følge av både Trollheimsporten, Driva og Tidens Krav vart dette tiltaket å rekna som ein stor suksess. Nokon av dei dei 40 frammøtte var på Kulturhuset for aller første gong. Og som vi kan lesa frå alle reportasjar, var det frammøtte frå Todalen òg. Lisbet og Olina Halle kosa seg i lag med resten av gjengen som fek ein uforglømmeleg kveld i lag med damene i heimesjukepleien.

Regninga for fremvisninga av storfilmen «Kon-Tiki» betales av Netcom, slik som det framgår av reklamen som ruller på tv-skjermane rett som det er. Men serveringa av «bakels å græt» før filmen vart sponsa av gåvekontoen til heiesjukepleien.

Sjå kva dei andre nettsteda skriv under:

Driva

Tidens Krav

Trollheimsporten

Mange takka ja til eit veldig positivt tiltak frå Heimesjukepleien. På andre rekkje frå høgre er den tredje todalingen som deltok; Anne Moe. Foto:Trollheimsporten/Mari Vattøy.

Publisert: 1. februar 2013, 10:50