Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Filmkveld og tilbakeblikk med historielaget

Jon Olav Ørsal Mandag 27. februar 2017

Tysdag 28. februar kl 19.30 inviterer Todalen historielag til filmkveld med historisk tilbakeblikk til 1990-talet. Svein Åge Saksen har fanga inn mykje god og artig historie med sitt videokamera. No har han redigert materialet og vil vise oss ein knapp time med klipp frå 90-talet under filmkvelden i Todalen ungdomshus.

Gjensyn med Jobus og Jon Lunde Surnadal hotell. Arkivfoto Svein Åge Saksen

Vi får gjensyn med Jon Lunde, Alf Ramsøy, Anders Gjeldnes (Hyllnessa) og ikkje misnst veteranar frå innspelinga av Vangsgutane i Norge Rundt.

Kjøreplana ser slik ut:

1    Vangsgutan fra Norge Rundt
2    Anders Gjeldnes forteller fra Ansnes-saga
3    Dugnad på Vasslaget
4    17.mai i Todalen
5    Alf Ramsøy med; “Skatten min”, Ordskifte og Bekkervisa
6    Jobus m/gjester på Surnadal Hotell, bla. Tone Søyset og Hans Gundersen
7    Jon Lunde og Jobus med Innerdalsvisa

Kjem du?

Alf ramsøy i kjent stil med Ordskiftet. Han les oså diktet «Skatten min» av Bersvein Heggøy

Ungdomar samla til dugnad i vasslaget – her er det pause. Arkivfoto: Svein Åge Saksen

Først publisert: 27. februar 2017, 06:00 - Sist oppdatert: 28. februar 2017, 12:10