Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Filmhelg med mange godbitar

Steinar Hasselø Fredag 22. juni 2018

Det blir ein kinofri fredag, da kulturhuset blir prega av god laksefestivalstemning den kvelden. Til gjengjeld vil det bli vist tre nye filmar laurdag og søndag, mens «Jurassic World» rundar av for denne gongen laurdag ettermiddag.

Animasjonsfilmen «Bien Maja – Honninglekene» er tilbodet for dei yngste laurdag og søndag. Maja og gjengen må stille opp i Honninglekene, men vil dei greie seg mot dei andre, topptrente laga?

På søndag møter vi kløktige og handlekraftige kvinner når «Ocean’s 8» skal gjennomføre det ultimate kuppet i New York. Debbie Ocean (Sandra Bullock) har brukt nærare seks år på å planlegge det perfekte kupp og har sett saman eit topp-lag av «medskuldige», spelt av m.a. Rhianna, Cate Blanchett, Anne Hathaway og Helena Bonham Carter.

Søndagskvelden blir runda av med noko som mange av dei lokale elskar; nemleg ein skikkeleg skrekkfilm: «Hereditary» (15 år). Gamlemor har gått bort og dottera begynner å nøste opp ulike ting frå fortida. Det skulle ho ikkje gjort! Dette er skrekk av ypperste klasse, skal vi tru kritikarane som har sett filmen. 

Du finn kinoprogrammet her: https://surnadal-kulturhus.no/program/

Publisert: 22. juni 2018, 18:27