Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fikk  storoksen  på  kornet

Fikk storoksen på kornet

Jon Olav Ørsal Sundag 22. september 2013

Sørsia jaktlag har hatt hellet med seg i helga, med to elgar og ein hjort som resultat av jakta.  Laurdag vart det ein  liten elg, ei fjorsku som måtte til pers. Søndag vart det enda betre utteljing, da ein stor elgokse vart felt ved Svarthamran i Haukålia. Det var ein stor og fin elgokse, med stanggevir med 8 takkar.

Knut Halset, som er slaktar på laget, tippa ei slaktvekt i overkant på 200 kg. I tillegg til elgoksen, vart det felt ein spissbukk i det same området.

Publisert: 22. september 2013, 19:26