Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fikk storelgen på kornet

Fikk storelgen på kornet

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. oktober 2012

Laurdagens jakt vart krona med hell for Anita Talgø i Talgø/Kårvatn jaktlag, og resultatet vart ein stor elgokse på rundt 220 kg. I jaget var det ein okse som var enno større, men den den lurte seg unna. Dei jaga frå Kvennåa ved Kårvatn i retning Storsvaet da dei straks kom i kontakt med den største elgoksen, som da kom seg bakom jagarane. Etter omorganisering vart det eit nytt jag, og da kom det først ei elgku, og så denne oksen som altså fikk sine banesår frå Anita.

Ragnar Halle fortel at dette er ein av dei største elgoksane som er skotne på dette valdet. Ragnar skaut sjølv den største hittil på 80-talet, da han felte ein stor elgokse på heil 324 kg ved falla i Gammelseterdalen.

Publisert: 20. oktober 2012, 23:09