Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fikk opp gapahuken i ein fei

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. mai 2020

Torsdag var det dugnadsgjengen for Todalen tursti i  aksjon for å montere gapahuken som tilhøyrer prosjektet, ved Båthølen der også fiskerampen for bevegelseshemma er under bygging. Arbeidet startet i morgontimane i dag, og før «solnedgang» var takpappen komenpå – og dermed tett tak.

Plata til gapahuken vart støypt i går, og i dag var huset montert. Det er eit prefabrikert bygg frå kolleksjonen til Talgø MøreTre som er både kortreist og lokal produksjon i Talgøs fabrikkanlegg på Kvennset. Bygget har to rom – eit opphaldrom med som skal innreiast med bord og benkar og eit rom for utstyr og reiskap.  Bygget er rett og slett ei av hagestuene som Talgø MøreTre produserer og som selges som byggesett. 

Liv Larsen og Elinor Bolme sørga for mat til dugnadsgjengen. Rundt bordet frå venstre Ragnar Halle, Michal Heimlund, Ola Røe, Nils ove bruset og Ivar Bolme. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var jamnt trykk for dugnadsgjengen utover dagen, og berre pausar for inntak av bakels og graut og etterkvart pizza. No er det berre montering av fiskeplattforma og litt finpuss og grusing som står att før det blir «snorkløpping». 

Fotogalleri frå monteringsprosessen som var unnagjort på ein dag.  Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. mai 2020, 21:10