Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fikk opp farten på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juni 2016

Ole Ingar Strand frå Relacom fikk fart på datatrafikken på Bordholmen i dag. Han kjem frå firmaet Relacom som gjør installasjonsjobben for Svorka Aksess, og kobler til og kjører i gang nyinstallasjonar med fiberbasert breiband.

Gravearbeidet med legging av kabel er tidlegare gjort på dugnad og Lars Arne Gjeldnes frå Svorka Aksess har blåst fiberkabelen gjennom røra som er gravd ned fram til veggen på klubbhuset på Bordholmen – og i dag vart anlegget sett i drift og er altså klart til Todalsdagen 2. juli.

Strand&Gjeldnes2_1047

No blir det fart på datatrafikken på Bordholmen. Trådlaus router sørger for datatilgang også utendørs i området ved klubbhuset. Ole Ingar Strand og Lars Arne Gjeldnes sørga for montering. Foto: Jon Olav Ørsal

Breibandsrouter_1048

Ole Ingar Strand monterer routeren inne i garderoben på klubbhuset. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. juni 2016, 17:33