Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fikk fornya tillit på årsmøtet

Jon Olav Ørsal Fredag 16. november 2018

Torsdag kveld vart årsmøtet i Søya og Todalen Skytterlag avvikla på kantina på Talgø. Som venta var det ikkje noko stor forsamling, men dei var iallfall god og vel vedtaksføre, og da gikk årsmøtet fort unna.  Raude tal i rekneskapet er kanskje ikkje noko godt teikn, men sjølv om rekneskapen viste ein liten minus, så er nok auke i ammunisjonslageret ei god forklaring på det. 

Laget har i dag 105 medlemar, og det er ikkje så dårleg. Medlemsmassen består av Todalingar og Kvennalandingar, og hovudaktiviteten er oppskyting til storviltjakta som startar utpå ettersommaren.  Laget har skytebane i Ranheimsvingen, og der er det stor aktivitet utpå sommaren og tidleg haust, når oppskytinga pågår.  Ei av sakene det vart orientert om var vedlikehaldsarbeidet som er i gang på skytebanen – her har det vore dugnadinnsats frå medlemane og det blir vel meir utover året for å ha anlegget klart til neste sesong. Da skal også anlegget gjennom teknisk godkjenning.  

Håvard Halset fekk fornya tillit som leiar i Søya og Todalen Skytterlag. Foto: Jon Olav Ørsal

Medlemskontingenten blir også neste år halden på eit lågt nivå – kr 50.  Lågbudsjettkalkyle blir det også på ammunisjonen som blir bruka under oppskytinga.  – Elles var det ein omgang med val, og sittande styre vart mest uforandra etter årsmøtet.  Håvard Halset som er leiar i laget fikk fornya tillit, medan ny nestleiar vart Odd Magne Haugen. Kasserar Tove T. Brøndbo og sekretær Trond Stenberg var ikkje på val, men styremedlemar for 2 nye år vart Ståle Ansnes (ny) og Erling Talgø. 

Publisert: 16. november 2018, 01:15