Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Festdag med dobbel feiring

Festdag med dobbel feiring

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. februar 2012

Måndag 6. februar var det festdag ved oppvekstsenteret:  – Vi feira både nasjonaldagen til samane og at sola er koma att etter 3 månader bak fjella. Skyene hindra sola å kome fram, men tysdag kunne vi juble over sol på skuleplassen! Elevane i småskulen var vertskap denne gongen. Menyen var tradisjonell, men populær:  – Havregrynsgraut og appelsin.

Borda var pynta med flagget til samane, og vi spela den samiske nasjonalsongen. Elevane i småskulen hadde laga ei fin, lita utstilling om det dei hadde lært om samar. Vi har og sett film frå dei samiske områda og lytta til Mari Boine. Ein fin dag for små og store ved Todalen barnehage og skule!

Her finn du fleire bilde fra feiringa av samefolkets dag og solfesta i Todalen oppvekstsenter.     Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Først publisert: 8. februar 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 7. februar 2012, 23:30