Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ferjekaia slepes til Todalen – oppdatert

Ferjekaia slepes til Todalen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 9. august 2013

I ei pressemelding frå Statens Vegvesen meldes det at den mobile ferjekaia som skal inn til Todalen blir slept innover fredag kveld eller laurdag.  Arbeidet med å forankre ferjekaia er alt i gang, og vil fortsette i helga og  nokre dagar ut i neste veke. Grunnen til at dette har tatt litt lengre tid enn ein først trudde, er det det må peles for å sikre god nok stabilitet for kaia.

Sjefsingeniør Ivar Hoel håpar at folk i Todalen forstår at vegvesnet har jobba så fort dei har kunne med å få på plass kaia. Det er alltid vanskeleg å vurdere kor lang tid slikt arbeid tek, da materiell må tilpassast.  han seier at det beste estimat dei kan gje, er at ferjekaia vil være klar for drift nokre dagar ut i neste veke.

Sjølve kaia er sett sammen ved Rykkjem og blir altså slepa innover enten fredag kveld eller laurdag føremiddag. I Todalen blir det no arbeidd med landkaret (landfestet) for kaia.

Bilder frå montering av fundament til ferjekaia i Todalen.  Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. august 2013, 14:54