Ferie for dametrimmen
Kvar torsdag i heile vinter har det vore trim for damer i gymsalen pÃ¥ skulen. Oppmøtet har vore stort – mellom 10 til 20 spreke damer kvar gong. Instruktør for oss er Turid Hals Sæther, og for Ã¥ seie det enkelt: Ho er berre superflink trimsjef!
Torsdag kveld hadde vi avslutning i Svinvika, først åt vi nydeleg rabarbragraut med vaniljesaus. Etterpå vart det trimtur opp Gammelvegen til Hjellnes.
Trimmen startar opp att til hausten – nye og gamle trimmarar er velkomne! Det gjer sÃ¥ godt for kropp og sjel!
Nedafor finn du bildegalleri frå trimavslutninga.  Alle foto: Dordi Jorunn Halle





































