Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ferga blir gratis til vegen opnar igjen

Ferga blir gratis til vegen opnar igjen

Elinor Bolme Fredag 16. august 2013

Det blir gratis å reise med ferje til og frå Todalen fram til ein køyrbar veg er på plass, det har Møre og Romsdal fylkeskommune vedteke etter sterkt press frå bebuara i Todalen. Liggekai for ferja MF Førdefjord vil bli flytta frå Halsa til Todalen, noko som også gir moglegheiter for fleire ferjeavgangar til og frå Todalen frå neste veke.

– Som vegeigar er det viktig for oss å sikre befolkninga og næringslivet i Todalen eit godt transporttilbod. Med gratis ferje og liggekai til Todalen får todalingane ein god løysing, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Arbeidet med å få på plass lekteren, som skal fungere som liggekai i Todalen, er sett i gong. Lekteren vil truleg vere klar til bruk i midten av neste veke. Då vil også rutetilbodet bli endra.
– Vi ønskjer å tilpasse rutetidene både til forhold til ny liggekai og til behovet i Todalen og vil kome med meir informasjon om dette over helga, seier assisterande samferdselssjef Magne Vinje.

Tidlegare på dagen hadde leiinga i Surnadal kommune hatt møte med leiar i Samferdselsutvalet Oddbjørn Vatne, ass. samferdselssjef Magne Arild Vinje og Sjefingeniør Ivar Hol, der agendaen mellom anna hadde vore fordeling av kostnader i forbindelse med raset og tiltaka i etterkant.

Mons Otnes ga uttrykk for at Surnadal kommune var godt nøgd med resultatet av møtet, og at han tykte at det vart vist stor velvilje for å gjøre det beste beste ut av situasjonen som hadde oppstått. Og resultat vart da også at ferja skal være gratis fram til fylkesveg 671 inn til Todalen opnar igjen. 

Les meir om saka på Møre og Romsdal si fylkesside eller på Surnadal kommune si heimeside.

Publisert: 16. august 2013, 14:49