Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Felte stor elgokse i Vassosdumpa

Jon Olav Ørsal Sundag 26. oktober 2014

Laurdag var dagen og timen komen for den 12-takkers elgoksen som heldt til i lia ovafor Vassosen. Talgø jaktlag tok ut oksen, saman med ei elgku og oksen hadde ikkje akkurat hellet på si side, sjølv om den etter beste evne prøvde å stikke av.

DSC_8281

Men eit velretta skot frå Terje Talgø felte oksen.  Det vart litt jobb med å få den fram gjennom ulendt terreng, men med god hjelp av elgtrekk og litt list og lempe fekk jaktlaget elgen fram til bilveg ved Vassosen.  Etter at den vart frakta ned til Talgø gård, vart den slakta og vekta slo ut på 237 kg. Kanskje litt mindre enn dei fleste trudd, men den hadde kanskje litt kort kroppslengde mente sjefsslakter Odd Arne Vikavoll.

DSC_8274

Konge på haugen – nykvalpen til Odd Harald Talgø poserer for fotografen. Til neste år blir det nok meir alvor! Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_8241

Elgtrekket var nok god drahjelp for Odd Harald og resten av jaktlaget. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_8239

Jaktlaget kom ned til Vassosvatnet med elgen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 26. oktober 2014, 10:00