Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Felte fin 14-takker

Felte fin 14-takker

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. oktober 2010

Jaktlaget på sørsida av Todalen (Bruset/Øya/Ørsal/Halset) fekk storhjorten på post i dag. Bjørn Kvendset var den heldige jeger som fikk 14-takkeren på posten. Bjørn satt på post oppå Svarthamrå i Ørsal-lia, da hjorten kom saman med 2 koller. Med eit par velretta skot felte Bjørn 14-takkeren og ei av kollene.

Jaktlaget hadde kontakt med mykje hjort under jaginga, og dei såg iallfall 5-6 bukkar til som fortsette innover lia. Anders Halset tippa at vekta på storhjorten ville stoppe på ca 130 kg, medan kolla hadde nok av 60-65 kg.

Publisert: 23. oktober 2010, 15:14