Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fellesskapskveld på Kyrkjelydshuset 15.oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. oktober 2020

Torsdag 15.oktober klokka 19:00 – 20:30 inviterer Kyrkja i Surnadal til Fellesskapskveld i 1.etasjen på Kyrkjelydshuset i Surnadal. Det blir enkel servering og sosialt samvær etter at kveldens program er ferdig. 

Bjørn Hovde kjem og held eit innlegg om «Bibelforteljingar i norsk kultur». Etterpå blir det, som tidlegare nemnt, enkel servering og sosialt samvær. Arrangøren oppmodar til å ta turen til Kyrkjelydshuset denne kvelden, og ta gjerne med ein ven.  

Arrangøren understrekar at dei følgjer gjeldande smittemernsreglar. 

Klikk på lenkja Fellesskapskveld for å sjå plakaten frå Kyrkja i Surnadal. 

 

Publisert: 9. oktober 2020, 08:33