Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fellesmåltid på skulen

Fellesmåltid på skulen

Britt Mossing Torsdag 29. september 2011

Torsdag hadde 5. 6. og 7. klassen koka havregraut til alle på skulen og i barnehagen. Svoltne ungar og vaksne samla seg i gymsalen til fellesmåltidet. Grauten var god og gryta vart etter kvart tom. Det vart og servert ferske grønsaker, så dette var eit sunt og godt måltid som gav krefter til uteleiken etterpå. Medan dei største rydda gymsalen fekk dei andre nyte godt av finveret i ballbingen, i sandkassa og ved leiketårnet.

Fotografen var litt seint ute og fekk ikkje bilete frå måltidet, men her er nokre glimt frå rydding og uteleik. Her kan du sjå bileta i galleriet nedafor.  Alle foto: Britt Mossing.

Publisert: 29. september 2011, 23:00