Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Felles Halloween-feiring i gymsalen er avlyst

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. oktober 2020

 

Dei siste åra har alle ungane i Todalen vore invitert til felles Halloween-feiring i gymsalen på Todalen skule. På grunn av Koronasituasjonen ser arrangørane ikkje anna råd enn å avlyse årets arrangement. 

Frå gamalt av innleia Halloween ei tredagars feiring til minnom om alle som hadde gått bort, ikkje minst gjaldt dette helgenar (hallows) og martyrar. Dei to andre dagane, var nemte Allehelgensdag, og Allesjelsdag som vart feira 2.november. Dei kristne si feiring av desse heilagdagane går langt attende i middelalderen. 

To skumle typar. Foto: Arkiv

Den språklege bakgrunnen for Halloween skriv seg frå den skotske nemninga for Allehelgensaften, All Hallows Even. Mykje tydar på at den moderne feiringa av Halloween har lange historiske tradisjonar som går heilt attende til den keltiske feiringa av Samhain, som var ei markering av at sommaren var slutt 31.oktober – 1.november, og feiringa har sitt opphav frå Skotland og Irland. 

I 1835 vart den kyrkjelege feiringa av Allehelgensdag lagt til 1.november, same dato som den omtala Samhain vart feira. Dette innebar at somme av dei hedenske tradisjonar smelta saman med dei kristne si feiring av dei døde. 

Den moderne versjonen av Halloween kom til Norge frå USA rundt 2000. På denne dagen er det vanleg at mange ungar/ungdommar kler seg ut og går omkring i nabolaget med konseptet «knask eller knep», og får som regel godteri. Det er heller ikkje uvanleg at vaksne kler seg ut og deltek på Halloween-feiring, spesielt når Halloween fell på helg.  

Feiringa av Halloween har etter kvart fått eit solid fotfeste òg i Norge. Det blir meir og meir vanleg å lage skumle graskardekorasjonar, kle seg ut og lage «skummel» mat av forskjelleg slag. 

Skummelt! Foto: Arkiv

Så da attstår det å sjå om det dukkar opp nokre «skumle» typar utover laurdagskvelden og seier «knask eller knep? 

  

Publisert: 28. oktober 2020, 16:33