Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fekk sving på rockefoten

Elinor Bolme Laurdag 21. juni 2014

Rockebandet Plumbo klårna ikkje himmelen under fredagens fest på Skei under årets Laksefestival. Litt surt og klaldt vêr må det nok seiast at det var, men kunne absolutt ha vore værre. Laksefestivalgeneral Ragna Marie Mauset kunne konstantere rundt 700 innbetalte denne kvelden, da inkludert ein del festivalpass, som betyr at mange har tenkt seg ut på kveldens fest med Johnny Logan og Staut.

Som vanleg var Todalen IL på plass med ulike jobbar til inntekt for laget. Her var både billettørar, vakter og bærarar av ymse slag. Frå tidlegare eit todagers engasjement har styret i idrettslaget no berre teke på ansvar for deler av opplegget på fredag, noko dei fleste i dugnadsgjengen signaliserte var heilt i orden.

Sikerheita på arrangementet er veldig godt ivaretatt. Både Røde kors, politi, natteravnar og ambulansepersonell var til stades for å passe på både spilder nye og meir erfarne festdeltakarar.

Under er eit lite gallery frå utelivet og dugnadslivet rundt Surnadal kulturhus denne kvelden. Alle foto Elinor Bolme.

Publisert: 21. juni 2014, 10:12