Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fekk medaljer på etterskot

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. mai 2018

På frigjeringsdagen 8. mai var det fleire veteranar frå tysklandsbrigaden som fekk si påskjønning.  I etterkrigstida var det mange som gjorde teneste i ein av dei 12 tysklandsbrigadene som hadde som oppgåve å stabilisere forholda i Tyskland etter krigen.  No var det altså tid for å markere dette med ei påskjønning for utført teneste i internasjonale operasjonar. Dette markeres med ei medalje som var innstifta i 2000. I tillegg vart veteranmedaljen for tysklandsbrigaden som vart innstifta i 1990 delt ut.

Tid for utdeling av medaljer – frå venstre Odd Enge, Hallvard Kvendset, Arne Garte, Lars Heggset. Det var major Dan Torhaug frå HV11 som delte ut hederstegna. Foto: Peder Kvendset

Utdelinga som foregikk på Surnadal sjukeheim gjorde honnør på til saman 15 veteranar frå Tysklandsbrigaden – tre av desse fikk medaljen post mortem. Dei 12 Tysklandsbrigadane starta i 1947 og avslutta i 1953, og dei norske styrkane hadde tilhald i Hannover-området. Til sammen var det 4.200 norske soltatar som deltok i denne perioden, og det var mange som deltok som var frå Nordmøre og Trøndelag.

Frå Todalen fekk Hallvard Kvendset utdelt begge medaljene. han teneste gjorde i den siste brigaden som tjenestegjorde i 1953, og var med og flytta utstyret attende til Norge som ein del av denne tenesta. Og etter 65 år vart det endeleg tid for heder for tenesta som var utført for fedrelandet.  Dei andre som fekk sine velfortjente medaljer var Ola Grytskog, Peder K. Bøvra, Sven Ranes, Fredrik Sjøflot, Asbjørn Flå og Leiv Strand, Lars Heggset, Arne Garte og Odd Enge.

Hallvard Kvendset fekk veteranmedaljen frå Tysklandsbrigaden og deltakarmedalje for forsvarets internasjonale operasjoner. Det er major Dan Torhaug frå HV11 som stod for utdelinga. Foto Peder Kvendset

Publisert: 9. mai 2018, 16:00