Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Feiringa fortsette …

Feiringa fortsette …

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mai 2010

Feiringa forsette vidare utover dagen. Først med gudsteneste i Todalen kyrkje, vidare vart det blomsterhelsing på bautaen og folketog til skulen. Det var Sokneprest Bernt Venås som heldt preken i kyrkja, der det var eit syttitalls tilhørarar. Inger Johanne Iversen sørga for blomsterhelsing frå Surnadal kommune på minnebautaen på kyrkjebakkan. Folketoget frå kyrkja og opp til skulen hadde i år følge av «Trollheimen janitsjar», eit korps som var nyetablert for høvet.

Det såg lenge ut til at toget i år skulle bli utan musikk, men Kristine Saksen Ulvund hadde mobilisert «gamle» korpsveteranar fra bygda og delvis utafor bygda. For høvet hadde dei etablert «Trollheimen janitsjar» som sørga for musikk både i folketoget og i skulen etterpå. Og den oppgåva klarte dei med glans, så det spørs om ikkje Trollheimen janitsjar bør få eit vidare liv også etter nasjonaldagen.

I skulen var det vidare tale for dagen. Den var det Berit Storholt Flåtten som heldt, en oppgåve som hun kom godt ut av. Det var ein tale både til store og små todalingar, med oppfording til å tore å drømme om framtida og viktigheta av å satse på ungdommen som den viktigaste ressursen ein har. Det vart servert middag og kaffe til nærare 150 personar som deltok på feiringa. Til slutt var det leikar for borna på uteområdet i skulen, der det var høve til å prøve seg på ymse slags konkurransar.

Nedafor har vi laga eit bildegalleri frå feiringa av nasjonaldagen i Todalen.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2010, 20:40