Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feira nymåla kyrkje med marsipankake – og roser

Jon Olav Ørsal Fredag 23. mai 2014

Dugnadsgjengen som dei siste ukene har svinga penselen ved Todalen kyrkje, avslutta torsdag kveld arbeidet og kunne «overlevere» nymåla kyrkje til Ingeborg Nordlund som er kyrkjeverge. Ho takka for innsatsen og kvitterte med roser til dugnadsgjengen og til dugnadskomiteen. Soknerådsledar Ildri S. Øyen stillte med ei stor marsipankake med bilde av nymåla kyrkje på.

Tordag kveld var det berre litt finpuss og opprydding som stod att, så no er jobben gjort. Ragnar Halle har vore ledar for dugnadskomiteen og han sa at det har vore stor vilje til å delta på dugnaden og lett å få folk til å stille opp. Soknerådet gjorde vedtak om å prøve å få til målardugnad på sitt møte 28. april, og no står kyrkja ferdigmåla på mindre enn ein månad.

Kyrkjemålinga i tal:
Det er bruka mellom 90 og 100 liter måling. Antal dugnadstimar som er bruka på arbeidet er 270, og i tillegg er det bruka 261 traktortimar på stillasjen og 141 timar med bruka av lift. Kor stor dugnadsverdien blir i kroner veit ikkje vi, men det blir ein betydeleg sum.

Ragnar Halle foreslo at ein no legg opp til rutinemessig vask av kyrkja kvart 4. år, slik at ein kan halde soppangrepa i sjakk og dermed gjera sikre at målinga held seg fin lengre. Det var nemleg betydeleg soppangrep på kyrkjebygget enkelte plassar. Det er no 12 år sia kyrkja vart måla sist, også den gongen på dugnad.

Bildeglimt frå innspurten av dugnadsarbeidet og kakefesta etterpå.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. mai 2014, 08:56